nå ska eg prøva å holda de så e interesserte
oppdaterte på mitt liv her på nordfjord fhs!
fra sengå mi (så e den beste sengå eg har hatt
i mitt liv) fra rom 303 ska eg rapportera fra
det fantastiske livet eg har begynt på!
det e heilt utrolig at det bare har gått ei uka!
eg føle eg har gjort heilt utrolig masse! tiå går
på ein måte kjempefort, men så virke det likavel
som ein evighet siden eg kjørte inn skoleporten
med pappa på siå, hadde heftig puls og kjente
det ganske godt i magen! fuste dagen va som ein
lettelse for meg. de andre va jo nervøse de og!
eg va kje aleina! men mens de andre fekk treffa
romkameraten, kom visst ikkje min! så eg sov
aleina på rommet og va litt smådeppa! hadde jo
lyst på romkamerat! va jaffal interessert i å veda
kem vår (kjempesøte og snille) husmor, yngvil,
hadde satt meg samen med! men dagane gjekk
allikavel kjempebra! på søndagen, dagen itte
åpningsfest og diverse bli-kjent-leker, sko me på
tur. då gjekk det litt opp for meg kossen dette
egentlig sko bli. gå på tur og de, liksom! men turen
va digg, veret va fantastisk, og i ei litå postløypa
kor me for eksempel sko laga et troll, dramatisera
sjuende far i huset og gå gjennom ei handicapløpa,
kom laget mitt på delt tredjeplass! konge!
mandag og tirsdag gjekk for det meste te informasjon
og sånn, men på onsdag sko me på den fuste linjeturen!
eg går då på ski og surf, og ska altså surfa og stå masse
på ski! men det e ikkje det einaste! me ska jammen meg
gå masse på tur og! og eg så hate hate hate å pakka, eg
ska pakka ein sekk med det eg trengte te tri dager på tur!
tenk det! heldigvis e eg ein av de få så ikkje har så heftig
med turerfaring, og kunne derfor utnytta og masa litt
på någen av de andre jentene i gangen min! og når eg
hadde klart å pakka, då må eg sei at eg va litt stolt og
veldig lykkelig! fekk og litt hjelp fra martin, mr-har-
gjort-alt-har-alt-utstyret-så-fins, (konge mann!).
planen for turen va altså at ski og surf 1 og 2 (me e to
klasser!) sko ro eller padla litt ned gloppefjorden,
(tror eg jaffal at an hette) og gå te hyen. så sko me
opp på hyeneshesten, så e et fjell så e litt høgere enn 1000
meter, tror eg! klassen vår, ski og surf 2, sko padla med
kajakk fust, og då måtte ma ha kameratredningskurs!
då va det på med heftig sexy våtdrakter og ut i vannet.
eg glømte jo tingå me sko gjørr ganske fort, (fekk jo
kje skriva det ned!;)), men meg og Benjamin klarte det
te slutt! denne redningå inkluderte det å rulla under
vannet med kajakken, og den følelsen eg fekk når eg
rulla under va ein skikkelig lost følelse! kor e eg nå??
men det va digg!
så litt seinere på dagen itte matpakking og litt planning
gjekk me ned te fjorden igjen for å pakka bagasjen ned
i kajakken vår. for de så ikkje vett det, så har kajakken
lasteplass både foran og bak, men hålå nedi e ganske
små. då sko eg (kristin, the master of pakking) få
alt det eg hadde stappa nedi den 80 liter store sekken
min nedi den lille kajakken! for å sitera ein e klassen:
"hvis eg får te dette her kan eg klara alt!" og eg pressa
og stappa og stressa og klaga. alle tingene måtte jo nedi
søppelsekker (for de proane så ikkje hadde wetbags,
då;)). men eg klarte det faktisk! alle tingene mine låg
fint, men stappa nedi kajakken! alle i klassen gjekk
fornøyde rundt i skjørt av det trekket så ska holda
vannetute fra sittehålet, og utenom regnet va det mesta
fryd og gammen! så va det bare å finna
meg ei åra og ein flytevest, så va det gang!
turen øve fjorden va herlig! det yrte nesten heila tiå,
og yring på ein fjord e den aller beste lyden så fins i heila
verden. an e som balsam før øyrene, massasje for sjelen
og glede i hjertet! men så sko me jo padla då. og det
e jo de tingene me lere her på skolen. me hadde då
litt padla-kajakk-teori-undervisning! min kajakk ville
visst ikkje lystra i begynnelsen, (eller så va det bare eg
så ikkje fekk det te;)), men det gjekk te slutt. kajakken
ville nemlig gå te høyre uansett ko møje eg padla te
venstre. eg føle meg litt dum, men mest irritert på
meg sjøl. men någ eg knakk koden (som va å se på
et punkt heila tiå), va eg raskt med i tetgruppå. digg.
når me så kom fram te der me sko legga båtane, va det
ut av båten barføtt, kledd i nice ullundertøy og ganske
våt i rauå og på lårå. alle tingene måtte ut av kajakken,
og å få de ut va nesten verre enn å stappa de nedi.
den svere sekken min stritta bare imot! men alt går, og
tingene havna oppi sekken.
våt og god stod eg der te slutt. hadde fått på meg den
nye regnbukså mi (som det viste seg at eg sko gå med
samanhenganes i tri dager) og de nye fjellskonå mine.
då gjekk det opp for meg, någe eg ikkje hadde tenkt
på før. eg kjente på følelsen at eg hadde sluppe taket.
eg va vekke fra alt det eg va vant te, eg hadde ingen
mulighet te å dra tebage, hjem, te et trygt hus med
varme, tørre kler. eg har vore vant te å ver ute å padla
litt i kajakk og så komma meg inn igjen. det va rart.
når me gjekk opp i våte, gule stråmarker, tenkte eg:
dette e ein utfordring for meg. det utfordringen rektor
snakka om på fuste dagen. du må våga å sleppa taket,
ei litå stund, før ein igjen kan vinna fotfestet." (eller
någe sånn!) då kom eg på at utfordringen va det retta
nanvet på bloggen min fra nordfjord. eg hadde verkelig
sluppe taket! eg kjente det i magen! eg skummel,
kriblande, godrar følelse krøyp igjennom meg. oi.
tebake te turen! me gjekk opp ca 200 høydemeter
gjennom skog og eng. me fant ein genial leirplass
så det va god og bra plass te alle 9 (tror eg) teltå.
mitt geniale kokelag, vegard, meg og sindre, klare
selvfølgelig å kapra den finaste plassen av alle!
det syns me jaffal sjøl, då! så va det opp med teltet,
romlande mager, finning av ved og bjørkenever.
me måtte laga et bår for å få oss mat! og så fant eg ein
heftig flat og fin stein så me itte ei stund med heftig
fyring og stelling kunne steika "pitabrød" på.
det va nemlig hyeneskebab så sto på menyen!
eg spikka et par grillspyd og mekka løk, paprika,
tomat og champignon på de. det grilla me, og
voila! der va det middag. og då va det godt med mat.
fytti grisen! va et høgfrekvent ord å hørra fra vegard.
det va godt, ja. mangla dressingen, men mat itte den
turen va fantastique!
regnet fortsatte, då, men me hadde det herlig fordetom!
på kvelden ble me til og med invitert på bløtkaka
hos den andre skiklassen! og når me kom fram må
eg sei at det verkelig va bløtkaka! an va godt dynka i
regn, for å sei det sånn! men jaja, herlig va det! kaka
på tur, liksom. yum.
trøtt va eg og, så me hoppa i sovaposane, regnet slo
mot teltduken, teltet sin trygghet omfavna oss alle.
me babla om kjerester og energiposer med sjokolade,
cashewnøtter, peanøtter og aent digg før me sovna.
fem på halv ni va det opp. trøtt, ja. men tanken på varm
havregrøt, rosiner, sukker og kanel vekka meg.
dessuten må eg få ein frisk start på året i alle fall!
nam, sa eg te grøten. kaffi på bål med fjortispupp fekk
me og.
så sko me på tur. og turen gjekk gjennom myr, kratt, fjell,
ur, lyng, bekker. dessuten va det blåber for alle penga!
det krydde! og det va ikkje langt mellom blåtungene!
regnet kom og gjekk, veret va skikkelig lurever! blei ganske
god og våt te slutt, men det fekk me tåla! alle va jo i same
situasjon. (bare at min jakka kanskje e liitt gammal og
sleden;)). opp kom me oss nå jaffal og lunsjen kom akkurat
i tide. sjokade e genialt! ei av fjellsidene me gjekk opp va
heilt utrolig bratt, og eg begynte nesten og grina fordi
eg syns det va litt skummelt. kjente det i magen når eg
tenkte på koss det hadde vært å gli nedover den fjellsidå...
løysningen blei då at eg bare glodde beint fram og gjekk
som ein hemmis fordi eg lente meg innover mot fjellet!
opp mot toppen veksla det mellom klarver og regn, før
me itte å ha klatra opp ei heftig steinrøys, kom te ein kvit
klatt med blaut snø. et frampeik mot året, tenkte eg!
bla bla bla... så kom me te toppen, og me såg kje ein dritt
av utsiktå fordi tåken va så tett. hendene mine va is.
ned kom me jo oss te slutt, og. då hadde eg spist blåber
heila turen ned. total turtid: ca. 9 timer. snakk om
omveltning fra reint og beghagelig byliv! eg va stolt!
te middag ble det detn antakeligvis beste suppå eg har
smakt i heila mitt liv! løkussuppa kalte eg an! me hadde
løk, kvitløk, gulerøtter, philadelfiaost med urter, buljong
og litt aent stæsj i an. nam nam nam! og brød, verkelig
steinbakt, va det besta eg har smakt! ein blanding av 123-
brød- solsikke og ein aen sort anbefales!!
om kvelden ble det skikkelig bålkos! me satt og tørka skoå,
supa fortispuppkaffi og snakka om oss sjøl. det va
vakkert! bålet brølte, og eg va tørr i rauå, heldigvis!
så kom ski 1, og kakene så me hadde laga te de med
krem, fruktcoctail, jordbærsyltetøy, sjokolade og blåbær
føyk lett ned. det va så godt, det! og så hadde me gitar og
sang og koste oss. fy søren, sånn ska livet ver!
ein seint kveld kom te siste stopp, og soveposen va siste
perrong. eg elske sovepose.
neste morgen kjente eg at eg hadde gått langt øve det eg
vil kalla komfprtgrenså mi for reinhet. men opp måtte
eg, og heiv på meg ull og regnbukse, sjøl om det ikkje
regna. havregrøten va lika god som dagen før (fersk,
selvfølgelig). så va det rydding, bålslukking, pakking.
nå va det faktisk fint ver! ski 2 sko ro tebake i nydelige
nordfjordbåter, og me blei delt inn i to båter. eg va i den
stuste. me sleit litt med hiv og hoi men kom nå inni det
te slutt! den andre gruppå så hadde begynt litt før oss,
tok me lett igjen. farten va god, eg koste meg heftig.
å ro ein båt med så kjekke folk e kjempekoselig! det
va som å se bildet "brudeferd i hardanger". når
me nerma oss land, måtte me selvfølgelig begynna å
planlegga ein spurt. de andre hadde tatt innpå oss, og me
sko sko sko vinna. men de kom fortare og fortare,
og det endte med ein heftig langspurt. me holdt
på å dø på oss de siste to hundre meterne. det va så sjukt.
alle ville vinna! og me hylte og skreik, vannblemmene
poppa, vannet spruta og eg fekk latterkrampå!
farten vår va så stor at me måtte bremsa heftig for å
ikkje kræsja i bryggå någ me kom fust i mål. jess!
så va det igjen å setta ting på plass og tusla opp i
bare ullundertøyet og svere fjellsko opp te skolen.
for bare å ha nevnt det, e den siste bakken opp te skolen
kjempebratt og godslit! då va det godt å komma te toppen!
dusjen eg tok e den beste eg har tatt i heila mitt liv. vannet
va bare heilt... ubeskrivelig godt! kunne stått der ein evighet
og litt te, men eg fant ut at eg måtte tenka enøk. jepp.
turen va som ein seier for meg. som ein timeter som du
tar sats, hoppe, men innser midt i svevet at du ikkje vett
ka du legge ut på. du kjenne suget i magen. ka skjer nå?
angsten tar deg et par sekund, før du innser at det ikkje e
langt ned. folk har gjort dette før. det går fint. eg overlevde!
mer kan eg ikkje kreva av meg sjøl!
for et liv eg har her!
dessuten komme det ein fortsettelse. bilder må eg få ut!
ska jo tilogmed ha actionfoto som valgfag, i tillegg te
barmarkstrening og havkajakk. kos kos.
live goes on. vil gjerna hørra fra dåkk!
stor klem fra kristin
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar